Av Kleo Delaveris
Hestar som får gå på beite har høve til eit meir fritt og naturleg liv enn alle andre måtar å halde hest på. Det gir rørsle på variert underlag, sosialt liv, høve til fysiske utfordringar, læring og utforsking og variert passeleg inntak av mat utan stress og konkurranse. Alle hestar kan gå på beite, men ikkje alle kan beite kultivert eng. Beiting på meir naturlege areal er eit godt alternativ. I denne artikkelen kan du lese om korleis beitedrifta gjennomførast i Handnesgarden, på ei øy på Helgelandskysten. Det viktigaste for å lukkast med beiting er kunnskap om beitedrift, parasittbelasting og hestefôring.

Korleis beitegras fordøyast kjem an på tilgang, utviklingsstadium, artssamansetnad og bakteriestammene i baktarmen til hesten. Naturlege beiter gir hesten høve til sjølv å regulere opptak av planter som kan fungere som balanserande og helande for kroppen. Hestar på naturlege beite vil normalt berre trenge tilskott av vatn og salt.
Beitedrift går på passeleg belasting av beita slik at ein slepper på og tar av hestane til rett tid. Det er viktig for å fremme vekst av dei plantene ein ønsker seg , få god avling og unngå at ugras tar over. Vi ønsker beiter med variert plantesamansetnad.

Parasittbelasting går på kjennskap til hestane sin parasittstatus (møkkprøver), parasittane sin livssyklus slik at ein kan bryte sirkelen dei treng gjennomføre for å reetablere ein ny generasjon, og aktiv sanering av smitte (fjerning av møkk og uttørking av parasittegg eller veksel/sambeiting med andre dyr).
Hestefôring går på at ein kjenner til artar som er giftige for hest (t.d. barlind, tysbast, eik, romegras)og om nødvendig fjernar tilgangen til dei. Praksis syner imidlertid at hestar set att slike planter om det er tilgang på andre beiteplanter. Det andre er overgangsfôring, overgangsfôring, overgangsfôring. Det tar om lag 3 veker for bakteriestammene å endre seg for å tilpasse seg nytt fôr. Difor må endringar i fôring skje gradvis over tid.
Hestane våre går for det meste på kultiverte beiter med ville artar og vi nyttar omlag 500 da. Desse beitene er består av ville grasartar og urter, tre, strandsone, svaberg og strender. Kultiveringa består av at det ryddast tre og einer og det er delt i teigar som ein vekslar mellom. Hestane haustar alt fôr som beite om sommaren (juni-september).

Hestane har tilgang til beite frå før graset spirar og fôrast parallelt med at dei stadig tar større mengde gras frå beite ettersom graset veks. Det sikrar ein trygg overgangsfôring. Beitene beitast ned, og hestane flyttast so til neste teig. Hestar som går på beite heiledøgnet vil i stor grad regulere inntaket slik at det vert jamt og ein unngår overeting.
Ved skiftebeiting vil den nye teigen ha mykje gras, men ettersom hestane er vande med fri tilgang vil dei ete meir passelege mengder enn om ein prøver regulere med restriktiv beitetid. Forsøk syner at hestar med kort beitetid (ned til 8 timar) tar opp nesten (80%) like mykje gras som ved kontinuerleg beiting. Dette stressar difor hesten til å ete for fort.

Det er viktig å la graset vekse til igjen, før ein slepper på på nytt. Då fremmar ein tilvekst av dei gode beiteplantene samstundes som at graset ikkje vert stressa.
På hausten får hestane gå og hauste det dei finn så lenge dei vil, og vi gir gradvis meir av det konserverte fôret til vi er tilbake på full vinterfôring.
Dette innholdet er forbeholdt registrerte brukere og medlemmer. Det er gratis å registrere seg som bruker av hjemmesiden. Registrerte brukere kan bli medlem ved å betale kontingent. Hvis du er bruker eller medlem, logg deg inn.