Enkle tommelfingerreglar for hestefôring

Av Kleo Delaveris

Hesten treng både nok tørrstoff, protein, mikronæringsstoff og energi for å halde seg frisk og fungere normalt atferdsmessig og fysiologisk. Det beste er å ha analyse av fôret, men ein kan også i nødsfall gå ut frå gjennomsnittstal for type fôr. Dette er ein grov og enkel måte å rekne på kva og kor mykje ein skal gi hesten. Ved å vurdere haldet til hesten undervegs kan ein regulere fôringa si gjennom vinteren.

Tørrstoff
Som ein tommelfingerregel seier ein 1,5-2,0 kg tørrstoff pr. 100 kg hest. Det må tilfredsstillast uavhengig av haldet på hesten for at fordøyelsen skal fungere og hesten kjenne seg mett. 1,5 kg er minimum og fri tilgang svarar til om lag 2,0 kg tørrstoff. Det er lite truleg at ein hest vil ete meir enn litt over 2,0 kg TS Det vil for ein 500 kg hest seie 7,5 -10 kg tørrstoff pr. dag.

Energi
Målast i FEh. 1 FEh svarar til nettoenergien i 1 kg bygg.
Ein fôrplan må også tilfredsstille behovet for energi. Ein hest som brukast 1-2 timar dagleg til t.d. tur eller baneriding treng berre vedlikehaldsfôr. Er hesten i normalt hald er det 1-1,2 FEh pr. 100kg kroppsvekt. Relativt mindre til dei nøysame rasane og meir til dei varmblodige. Hesten på 500 kg vil då trenge 5-6 FEh pr. dag. Hest i utedrift og på vinteren vil trenge 10% ekstra energi då den rører seg meir og i tillegg ofte må produsere ekstra varme(0,5-0,6 FEh for 500 kg-hesten).

Protein
Målast i gram fordøyeleg råprotein /FEh
Ein vaksen hest treng 80g fordøyeleg råprotein pr. FEh. For unghest og ammande hoppe kan behovet vere opp til det doble.

Mineral og vitamin
Behovet for mikronæringsstoff kan enklast tilførast ved å følje anbefaling på ferdig mineralblanding eller ved å gi tangmjøl (100g til eksempelhesten vår). I ein grovfôrbasert forplan vil tilhøvet mellom kalsium (Ca) og fosfor (P) normelt vere greit. Hesten treng fri tilgang på salt.

Sukker
Innhaldet av sukker er noko mange er opptatt av. Det som målast som sukker i fôrprøver er til vanleg ikkjestrukturelle karbohydrat frå enkle sukkerartar til langkjeda stivelse. Ikkje alle desse karbohydrata er vassløyselege og det varierer også kor raskt dei aktiverer insulinresponsen.
Innhaldet i fôret vil variere i høve til planteartar, slåttetidspunkt og vær. Ensilert fôr vil ha lågare verdiar enn høy fordi mjølkesyrebakteriar har brukt sukkeret i graset i fermenteringsprosessen. Hestar i utedrift heile døgnet vil tåle sukker betre fordi noko av det kontinuerleg vil forbrennast gjennom muskelarbeid. Dei fleste friske hestar vil tåle greitt 100 g sukker/kgTS.

Praktisk fôring
For å finne ut kor mange kg fôr hesten skal ha må ein vete tørrstoffprosenten.
Høy har ein tørrstoffprosent på 82-85%. I nokre tilfelle opp til 90%.
Høyensilasje kan variere frå 55-80%,
Silo/rundball 30-55%. .
Det er viktig å vite tørrstoffinnhaldet i fôret då 1 kg høy er same tørrstoffmengde som 2 kg rundball med 40% tørrstoff.
Det beste er å finne eit grovfôr som i størst mogleg grad samsvarar med hesten sitt behov.
Er høyet ein har meir konsentrert på energi enn hesten treng, kan ein gi høy som dekker kravet for energi og fri tilgang på halm for å sikre tørrstoffbehovet. Gir fri tilgang på høy for lite energi, kan ein gi havre eller anna konsentrert fôr i tillegg. Har fôret lite protein kan ein supplere med luserne (alfa-alfa) eller soya.

Det er ingen grunn til å gi kraftfôr-pellets for å sikre tilgang på mineral og vitamin. Det løyser ein betre med eit mineral/vitamin-tilskott.

 

Dette innholdet er forbeholdt registrerte brukere og medlemmer. Det er gratis å registrere seg som bruker av hjemmesiden. Registrerte brukere kan bli medlem ved å betale kontingent. Hvis du er bruker eller medlem, logg deg inn.

Innlogging for eksisterende brukere
   
New User Registration
*Påkrevede felt

for et sunt og godt hesteliv