Hestefôring i praksis

Av Kleo Delaveris

Det kan vere både enkelt og komplisert å fôre hest. De aller fleste kan halde seg til enkle tommelfingerreglar, og kome langt med det. Men om ein går djupare inn i temaet forstår ein at god kjennskap til både korleis fordøyelsesystemet fungerer og korleis næringsemne sirkulerer og tas opp av cellene er nødvendig for å forstå korleis ein skal fôre den einskilde hesten mest mogleg optimalt.

I tillegg til kva for næringsemne som finst i fôret og korleis det brytast ned i fordøyingssystemet har kvar hest ein meir eller mindre unik genetisk disposisjon i høve til både opptak, metabolisme og energiforbruk. Miljøet hesten lever i varierer også. Emosjonell tilstand har verknad på energiomsetnad, og læring verkar også inn.

Hestefolk bør vere forsiktig med å prøve å fôre hesten på spesielle måtar utan å forstå verknad og samanheng mellom alle faktorane som speler inn. Difor er det best å fôre hesten etter enkle retningsliner og søke råd hos fagfolk om ein har behov for meir individuell tilpassing.

Hesten treng både stor nok mengd tørrstoff, protein, mikronæringsstoff og energi. For mykje eller ubalansert næring er heller ikkje gunstig.

Det kan fort verte gale om ein hoppar på motetrendar eller er for kreativ i høve til å lese forskingsrapportar og fôre på spesielle vis ut frå kva ein leser utan å kunne sette forskingsresultat i i sin rette samanheng ut frå grunnleggande forståing av hesteernæring.

For dei aller fleste er det rett å halde seg til følgjande:

Fibermengd/volum.
1,5-2,0 kg tørrstoff pr 100 kg hest. Det må tilfredsstillast uavhengig av haldet på hesten for at fordøyelsen skal fungere og hesten kjenne seg mett.

Energi
Ein hest som kun brukast 1-2 timar dagleg til t.d. tur eller baneriding treng berre vedlikehaldsfôr. Er hesten i normalt hald er det 1-1,2 feh pr 100kg kroppsvekt. Relativt mindre til dei nøysame rasane og meir til dei varmblodige. Ved utegang om vinteren kan ein legge til ca 10%.

Protein
80g pr fôreining. Drektige, lakterande og hestar i vekst treng meir (opptil 120g pr fôreining).

Behovet for mikronæringsstoff kan sikrast ved mineralblanding eller t.d. tangmjøl

Dei fleste hobbyhestar kan difor få nok næring frå berre godt grovfôr.

Forsøk av Kiley-Worthington syner at hesten vil ete om lag 14 timar i døgnet om dei kan regulere det sjølve. Det bør ikkje gå meir enn 4 timar utan inntak av fôr. Om fôringstida avgrensast vil hesten kompensere ved å ete meir intensivt og ta opp meir fôr på kortare tid. Det er ikkje gunstig i høve til nedbrytinga i tynntarmen.

PH i det tygde fôret regulerast av spyttet som er basisk. Spyttsekresjonen stimulerast av tygging slik at 1 kg kraftfôr vil gi ca 1 liter spytt, medan grovfôr vil gi 4 liter. Det er årsaka til at konsentrert og lettygd fôr bør gis saman med eller etter at hesten har ete noko grovfôr.

I tynntarmen brytast fôret ned ved hjelp av enzym. Pattedyr har ikkje enzym som kan bryte ned plantefibre som cellulose og hemicellulose. Difor vert berre enkle sukkerbindingar og stivelse brote ned og tatt opp. «Dyresukker» kallast glykogen og lagrast i lever og musklar. Hjerna er avhengig av denne typen energi, og det same er dei raske og eksplosive musklane. Feitt vert også tatt opp i tynntarmen som enkle feittsyrer.

Protein som hesten treng må vere relativt høgverdig og tilstrekkeleg. Hesten kan ikkje som drøvtyggarane nytte mikrobeprotein då mikrobane finst i baktarmen og der er det ikkje mogleg å ta opp protein.

I baktarmen bryt mikrobar ned cellulose og hemicellulose ned til flyktige feittsyrer som hesten kan bruke til energi. Prosessen utviklar også varme og er viktig i høve til termoregulering i kulda. Mikrobane tilpassar seg fôret hesten eter, og forskjellige stammer bryt ned forskjellige typar fiber. Det tar om lag 3 veker å endre mikrobesamansetnad for å tilpasse seg eit nytt fôrslag, så overgangsfôring er viktig for at ein skal unngå feilgjæring og produksjon av toksin(gift). Om fôret inneheld for mykje sukkerartar til at tynntarmen kan handtere det vil også desse hamne i baktarmen og føre til stormgjæring. Fruktan i store mengder vil også ha ein slik effekt fordi hesten ikkje har enzym som bryt ned denne sukkerarten og fruktan vil havne uomsett i baktarmen.

Når det gjeld verknaden av havre har forsøk synt at det fører til meir rørsle hos hestar. Havre har ein gunstig samansetnad då den inneheld relativt meir feitt enn anna korn, og stivelsen er lett omsetteleg. Det gjer at havre raskt fyller glykogenlagre i musklane slik at dei er klare for arbeid. Heil havre er levande korn og feittet er difor ikkje oksidert slik det vil vere i pellets og andre mjølblandingar. At hestar kan bli «galne» av havre er vel meir ein konsekvens av at behovet for rørsle vert hindra og vil neppe oppstå for hestar som kan ta det ut på utegang.

Hestar som treng å auke feitt og muskelmasse vil ha best nytte av energi frå feitt og fiber og god tilgang på protein.

Hestar som treng gå ned i vekt vil enklast gjere dette ved å få fôr med lågt energiinnhald i tilstrekkeleg mengde og stimulerast til meir rørsle. Det er viktig at fôret gir tilstrekkeleg protein og andre næringsstoff. Halm og frøhøy er ikkje fullverdig fôr, men kan brukast for å supplere slik at hesten kan ete seg mett.

 

 

Dette innholdet er forbeholdt registrerte brukere og medlemmer. Det er gratis å registrere seg som bruker av hjemmesiden. Registrerte brukere kan bli medlem ved å betale kontingent. Hvis du er bruker eller medlem, logg deg inn.

Innlogging for eksisterende brukere
   
New User Registration
*Påkrevede felt

for et sunt og godt hesteliv