Heimelaga høysekk.

Innsendt av Atie Skarveland

Dersom ein skal flytta ein del laushøy av og til, er det svært greitt å kunne bruka store sekkar som toler å bli stappa godt.

Då eg kjøpte hønsegjødsel i stor sekk i år, fann eg ut at den ytre sekken måtte kunne brukast om att. Den blei spylt godt og hengt til lufting ein stund.
Sekken er ganske stor, så eg fann ut at eg nok måtte klyppe av ein del. Eg målte opp bilen og i tillegg prøvde ut eg kor stor sekken kunne vera for at han framleis kunne handterast av ein person=meg!
Eg tenkte at det kunne vera greitt å kunne snøra han igjen så eg sydde ein løpegang øvst. Eg sette tape på innsida der eg skulle ha hol til tauet før eg bretta saumen saman. Eg var redd det elles lett kunne rakna.
Det var litt plundrete å sy det på maskin sidan sekken er så glatt. Men etter litt att og fram fann eg ut av rette innstillinga på maskinen og då gjekk det fort å sy. Brukte bjørnetråd og stor stinglengde.
Eg har ikkje undersøkt, men reknar med at fullgjødsel kjem i akkurat like sekkar, så då kan det ikkje vera vanskeleg å få tak i slike sekkar rundt omkring. Sikkert mange bønder som berre er glad til for å bli kvitt dei.
Då eg tok inn høyet frå den siste hesja i år, tok eg sekken med meg og stappa det i den rett frå trådane.

Det blir lite søl i bilen når ein fraktar høy på denne måten!!

På løvsekken til Jula er det sydd handtak på sidene. Det gjer kanskje at det er lettare å bera og tøma den. Eg vurderte det, men gjorde det ikkje. ..

Legg igjen en kommentar

for et sunt og godt hesteliv