Heimelaga termostamp.

innsendt av Atie Skarveland.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           10626153_10203383675542019_6011268133909031992_o  Eg tok utgangspunkt i ei 40 liters stamp og fann to gamle dekk som stampen passa inni.

Eg ynskte at stampen skulle stå heilt nedi dekket med berre kanten opp forbi. På denne måten vil stampen vera godt beskytta og det blir lite søl nedi dekka.

Eg skar vekk handtaka på stampen slik at kanten blei heilt jamn.

Eg brukte dekk som var store nok til at den nedste delen av stampen passa ned i felgholet. Då trong eg berre skjera ut eine kanten på det øvste dekket akkurat så stor at stampen ikkje kunne detta i gjennom.

Eg trur eg brukte metallsag til å saga ut ein del av den inste ringen på dekket. Det er visst metall Stamp1inst der dekket sit mot felgen. Eg bora eit hol der eg skulle skjera og stakk så sagbladet gjennom. Då slapp eg å saga gjennom den inste delen.
Om du har ein god kniv går det også greitt.

Eg fann ei gamal slange som eg skar opp slik at eg kunne fylle han opp med isolasjon. Så sette eg tape på skøyten for å unngå at isolasjonen kunne bli våt.
Slangen passa godt i det øvste dekket.
Den plassen som blei til overs blei fylt opp med bobleplast.
Så målte eg kor langt ned stampen sank i dekka når han blei fylt med vatn. Då viste eg kor mykje eg måtte fylle opp det nedste dekket.
I botn på det nedste dekket la eg nokre fjøler for at vatn søl kunne renne vekk. (Fjølene tener og til støtte for isoporen.) Oppå det la eg isopor. Mellomromma blei fylt opp med bobleplast igjen.
Før eg laga til dekka, bora eg nokre hol tvers gjennom kanten på begge. Eg hadde tenkt å dra ein streng gjennom desse slik at dekka ikkje skulle dette frå kvarandre.

Stamp2

Stamp3

Det viste seg at det var nok å sette ein lang spikar gjennom hola. Gummien gjer at spikaren ikkje glir ut samtidig som det går greitt å dra ut spikaren når du skal demontera heile installasjonen.

Eg bora tre hol gjennom begge dekka og merka dei med maling slik at dei var lett å finna att og eg viste kva hol som høyrer i lag. Sjølv om eg brukte grov bor, var det vanskeleg å finne att hola. Gummien lukkar seg nesten igjen på eit vis.

Vinteren her på sørvestlandet er sjeldan streng, Difor blir det ikkje investert i elektrisk termobalje. Stampen fungerte godt sist vinter. Om ein fyller opp med vatn om kvelden og legg på eit lok, slepp ein å fjerna noko særleg is om morgonen.

 

 

 

 

 

 

En tanke om “Heimelaga termostamp.”

  1. Jeg ble inspirert av denne måten å lage isolert drikkekar på, at jeg har laget maken. I stedet for å bruke kniv til å skjære gjennom siden i dekket for å få plass til dunken, brukte jeg en elektrisk stikksag (vippesag). Det gikk veldig greit når jeg bar valgte et blad som ikke var for grovt. De to dekkene festet jeg til hverandre med små, men litt grove skruer. Skrudde på en bunn utvendig, og isolerte med Glava.

Legg igjen en kommentar

for et sunt og godt hesteliv