Tips om billege brodd-boots!

innsendt av Atie Skarveland

 

Til dei som har dårleg råd, nokre timar til overs, er litt fingernemne og/eller likar å gje utslite ting eit nytt liv!

Når ein bur i eit område der det ikkje er så mykje vinter, blir det lett at ein ikkje investerer i noko ein kanskje ikkje får bruk for. Å ha to par med brodda boots ståande som ein kanskje ikkje får bruk for, kan vera ‘råflott’.  Å skru broddar inn og ut er mykje arbeid og fører til slitasje på utstyr.

Til desse broddboots treng du berre kjøpa broddane – resten er ‘bos’.
Du treng boots, ei syrekanna (eller tilsvarande materiale), broddar og litt verktøy.

Dei første to bootspara til hesten min (Cavallo simple) blei ganske slite etter kvart. Dessutan sleit hesten dei skeiv framme og det kom ei glipe heilt fremst. Til slutt blei dei farleg å bruka – alt for glatte!  Sidan eg sjeldan kastar noko, blei dei ståande …
Då det blei vinter kom eg på at dei kanskje kunne brukast med broddar! Gjorde jo ingenting då at dei var blitt så glatte!!
Problemet når mønsteret er slite vekk, er at heile solen er blitt tynnere, – for tynn til å ha feste for broddene. Knut Bjerva tipsa meg om å leggje ei sole inni – td skore av ei syrekanna. ..

Å fa tak i ei syrekanna var lett. Då var det berre å setje i gong.

Eg laga først ein pappmal til kvar boot. Når bootsene er blitt gamle, er det ikkje sikkert alle fire er like lenger.
Eg brukte vanleg tollekniv til å skjera i syrekanna, men det går sikkert an å bruka meir avansert skjereutstyr.  (Det hadde eg ikkje) Det er lett å tilpassa solen med kniv, men det var litt tungt å skjera dei ut med kniv!
NB!!  Syrekanneplasten er ikkje like tjukk overalt! Den første solen eg laga viste seg å vera mykje tjukkare på den eine sida enn på den andre.
Då eg først var i gong skar eg ut ei ekstra stripe til å ha utanpå det skeive paret også.

Det var litt ‘plundrete’ å bora hol gjennom både bootsen og plastsolen (og den ekstra stripa!) samtidig, men med ei tvinge til å halda alt på plass og ein kloss som passa i midten på innsida (inn forbi der hola skulle vera), gjekk det ganske greitt. Eg sette inn to broddsatsar etter kvart som eg bora hola slik at ting ikkje kunne flytta seg i forhold til kvarandre.
Då eg fekk ny hest, måtte eg gjera alt ein gong til sidan han har ein annan bootsstorleik. Då gjekk det mykje fortare! 😉  Første hesten hadde ikkje slite ut broddane, så dei kunne eg bruka om att.

Eg har endå ei tynn sole som ligg inni bootsen slik at hesten slepp å stå rett på mutrane. Trur ikkje det er så nøye kva ein brukar då.
NB – bootsen blir jo litt trongare/høgare inni, så du bør kanskje sjekka om det er plass til ekstra soler på innsida før du begynner!

Ekstra tips!
Kjøp gjerne nokre ekstra broddar og ha ein skiftenøkkel  liggjande i sal rommet. Det er lurt å gå over dei før bruk og stramma dei som eventuelt har losna. Mista to stykk andre gangen eg brukte dei.
Men det skjer vel med broddar på nye boots òg, eller?

 

Dette er ikkje dei finaste boots som finst, men dei har fungert ypparleg dei få gangane eg har hatt bruk for dei.

Og hugs: Ombruk er omtanke!

Broddboots1

Broddboots2

Broddboots3

Legg igjen en kommentar

for et sunt og godt hesteliv