Hesjing

Hesjing

Skrevet av :

Atie Skarveland

Hesjing er ein gamal velprøvd måte å tørke gras på. Ei hesje eller hes er eit tørkestativ av trestolpar og ståltråd som ein heng graset over i fleire etasjar. Du kan laga dei så lange som du vil. Ei hesje toler fleire regnskur utan at det går særleg utover tørketida eller kvaliteten til høyet. Du brukar nok litt meir tid om alternativet er høyvendar og traktor, men ikkje om du elles må breidda det for hand. Du vil i alle fall vera mykje meir avslappa medan du held på med hesjing! 😉

Førebuingane

Du treng svært mange staur!! Spør gjerne rundt omkring – du finn kanskje mange staur liggjande rundt omkring i eldre løer. Sjekk dei! Dei varer ikkje evig og  blir lett mottetne. Slå dei gjerne hardt mot eit tre. Dersom dei ikkje knekk, kan du bruka dei! 😉 Om dei knekk, kan du bruka dei til ved…Dersom du må laga dine eigne staur, bør du begynne vinteren før du skal hesja. Dersom du ikkje eig skog sjølv, kan du sikkert få tynna skogen hjå  ein skogeigar. Kva treslag du brukar har ikkje så veldig mykje å seia. Sjølv likar eg best ask, hassel og selje, men naboen har mest furu. Older/or og bjørk varar ikkje så mange år, men kan godt brukast. Einer er topp!

Staur-227x1024.jpgEin tek det som er enklast å få tak i der ein bur! Dei skal helst vera så beine som muleg og glatte. Staurane skal vera om lag 1.80-2.00m lange og om lag 4-5 cm tjukke i nedste enden. (eg har mange som er både tynnare og tjukkare!)

Inga hesja kan bli høgare enn den kortaste stauren… Det er lurt å ta av barken  (då varer dei lengre) og spissa eine enden medan dei er ferske. Då går det lettast. Legg dei på ein tørr plass til du skal bruka dei. Tørre staur er lettare å bera og varer fleire sesongar. Du treng også side- og endestøtter. Dei kan vera litt lengre enn dei andre staurane og gjerne ha ein ‘gaffel’ i enden. Då slepp du å bruka spikar!

Ståltrådruller-1024x576.jpgSå treng du hesjetråd. Eg brukar galvanisert ståltråd – 1 mm tjukk, men eg veit at andre har begynt å bruka ‘balletråd’. Eg er usikker på kor lenge den varer og om det er like lett å strama den, men elles går det fint å bruka det. Tråden må hesplast på noko slik at det er lett å både surra den og strama den rundt stolpane. Du kan bruka ei lita fjøl eller ein tjukk rundstokk/stolpe. Spikk til endene slik at dei er gode å halda i. Ikkje ta på for mykje tråd. Dei blir fort tunge å jobba med. Det gjer ikkje noko om du må bruka fleire lengder på ei hesje. Det er viktig at du hesplar opp tråden så stramt som muleg! Då vert det lett å bruka sjølve hespelen til å strama tråden når du går rundt hesja.

Til slutt treng du eit spett og nokre tauendar til å festa i kvar ende av hesja.

Å setje opp hesja

Sidan du skal setje opp «eit tørkestativ», må den stå ein plass der det er luftig og helst solrikt. På den andre sida bør det ikkje vera utsett for alt for sterk vind for då bles graset ut av hesja…. Då eg begynte å setje opp hesjer, la eg vekt på å la dei stå i retning nord-sør slik at høyet fekk like mykje sol på kvar side. Etter kvart fann eg ut at det var meir viktig å ta omsyn til vinden. Så no blir dei plassert slik at vinden stryk langs hesja op ikkje bles rett på. Ha dette ‘i bakhovudet’ og bruk elles sunn fornuft. Du må jo også ta omsyn til terrenget og du vil jo helst flytta minst muleg på graset, men hengje det opp der det veks.

Plasser to staurar etter kvarandre med om lag 1 m i mellom i den retninga du vil ha hesja. No har du noko å sikta etter når du skal laga hol til resten av staurane. Rak gjerne ein sti på førehand slik at graset ikkje er i vegen for spettet.

Har du for stort mellomrom er det vanskeleg å strama tråden og då får du ‘salrygga’ rom… Inga mellomrom blir heilt like, for ein treff gjerne på stein når ein lagar hol. Hola bør vera om lag 30 cm djupe. Ikkje lag dei for vide. Då blir hesja vinglete. (Dette er den tyngste delen av jobben!) Har du mange tynne staur, bør du gjerne setja dei tettare.

Når du set ned staurane er det viktig at du har nokre solide i kvar ende. Du kan laga hesja så lang du vil, men det er greitt å ha god plass ved kvar ende til å koma rundt når du skal ta inn høyet eller slå meir. Hugs å sette ned ein støttestaur i kvar ende!

Oppsett av ståltråd-1024x784.jpgSå må du festa tråden. Eg likar best å begynna med den nedste. Graset må ikkje nå ned i bakken når det heng i hesja. Det som har kontakt med bakken og det nye graset som etter kvart vil vekse opp igjen, vil i verste fall rotna om du er riktig uheldig med vêret. Litt avhengig av lengda på stråa du skal hesja, bør den nedste tråden vera minst 60 cm frå bakken – gjerne meir. Du bør kunne sjå gjennom hesja på undersida når ho er ferdighesja! Det bør vera minst 15 cm mellom kvar tråd.

Eg synst det er enklast å gå rundt hesja medan eg strekkjer tråden. Då kjem dei vekselvis på høgre og venstre sida av hesja, men alltid på mi høgre side. Naboen min går att og fram og får alle trådane på same side. Eg trur ikkje det har noko særleg å seia. Gjer det slik du synst er enklast. Det er nok fleire meiningar om akkurat dette med mål. Det er kanskje litt avhengig av kor i landet du bur og korleis vêrforholda er til vanleg. Det vanlege hjå meg er 6 ‘etasjar’, men er det mykje gras og eg får det til reint praktisk så kan eg ha 7 trådar, sidan eg er lite plaga med sterk vind om sommaren. Ikkje ha den øvste tråden høgare enn du så vidt kan sjå over den. Elles blir det tungt å leggje graset på den øvste! (Ein eldre kar i bygda hesja i med høygaffel. Bakken hans var svært utsett for vind og han hesja tjukt og hadde ikkje meir enn 4 trådar. Han strekte ein tråd – hesja oppå med høygaffel og strekte så neste tråd.)

Om ein begynnar nedst så er det lurt å strama opp/festa endestaurane når du har strekt to trådar. Dersom du ventar til du er ferdig med alle og du stramar godt heile tida, kan du dra endane opp av bakken i strameprosessen og dei nedste trådane vil vera mindre strame enn dei øvste. (Det er difor naboen min alltid begynnar med den øvste tråden…). Du tek ein omgang rundt kvar staur. Når du kjem til endes tek du ein runde under først for å låsa tråden og så nokre rundar opp til der neste tråd skal vera. Der kan du òg ta ein ekstra runde.

Endestøtte-841x1024.jpgDu må hugsa å festa endestaurane med tau i noko solid før du begynnar å hesja!! Bruk ein kort stolpe som du kan slå ned med sleggje eller ein god gjerdestolpe eller tre i nærleiken. Så festar du tauet høgt i hesjestauren og lengst nede i festestolpen. Dersom du brukar endestøtte med gaffel, knyter du tauet rundt begge.

Så kan du hesja!

Det er lurt å hesja nokre rom i kvar ende først. Gjerne i midten òg om hesja er lang (dvs meir enn 25-30 rom). Då får du strama trådane godt. Du vil då også sjå om du har stramt tauet i kvar ende godt nok.

For at graset skal tørka må det hengje luftig. Difor må du rista kvart fang du legg oppi. Lyft opp eit fang på skulderhøgda og slepp det ned medan du lear hendene til og frå deg. Då legg stråa seg nokolunde same veg og på tvers av tråden. Slik kan regndropane renne vekk frå hesja. Pass på at du ikkje klemmer det saman igjen når du legg det oppi hesja. Ha hendene under slik at du kan skyva fanget mellom trådane.

Ver spesielt nøye med den øvste tråden. Det graset skal verna alt som ligg under. Dersom de er fleire som hesjar i lag, så er det lurt å hesja kvar sine område. Ein hesjar som regel ikkje likt og det er dumt om du ikkje kan ta inn noko høy når det trugar med regn fordi det har tørka ujamt. (Naboen og kona pleidde å hesja frå kvar sin ende. Det kona hadde hesja kunne ofte takast inn ein dag eller to før det han hesja sjølv).

Stolpestøtter-576x1024.jpgNår ein er ferdig med å hesja må ein sette opp sidestøttene – helst same dag!! Nyslege gras er tungt og er du så uheldig at du får både vind og regn i det første natta, blir det endå tyngre! Då kan staurane lett knekka i vinden og du må begynna på nytt – etter først å ha alt arbeidet med å få graset utav den øydelagde hesja…. Har heldigvis ikkje opplevd det sjølv, men det har hendt at eg har slurva og funne delar av hesja på «halv åtte» neste dag.

Høyet er tørt når du kan ta ein liten dott, bretta den nokre gongar og så vri den alt du kan utan at det kjennast kaldt eller fuktig. Er eg heldig med vêret kan eg ta inn høyet etter ei veke. Har du hesja svært tjukt, må det gjerne hengje lenger. Ta det helst inn ut på ettermiddagen. Finn du gule – gjerne mjuke – strå inst i hesja, har du hesja for tjukt eller ikkje rista det godt nok. Dersom du oppdagar slikt eller anna du er usikker på, kan du leggje det utover bakken med «trådsida» mot sola. Nokre timar i sola gjer underverk! Pass på at slikt høy kjem øvst på lagringsplassen eller legg det for seg sjølv, slik at du kan følgje med det nokre dagar. Slikt høy mugnar fort om det ikkje blir ‘ettertørka’. Ikkje vent til for lenge ut på kvelden. Det bør ikkje kome dogg i tørrhøyet.

høylager-e1.jpgLaust høy tek mykje plass! Om eg ikkje hugsar feil, veg ein kubikk med laust høy om lag 40 kg – litt avhengig av høgda. Eg tråkkar helst ikkje i det om eg ikkje er nøydd dei første par dagane og eg hiv gjerne nokre nevar grovsalt inni for kvart lass. Men er det ordentleg tørt treng ein nok ikkje vera så varsam. Sjølv om du tråkker alt du kan medan du tek det inn, vil det siga saman endå ein del i løp av nokre dagar. Har du lite lagringsplass, bør du prøve å få nokon til å balle det for deg. Pass på at ikkje det nye graset er kome så langt at det er fare for at du får det med i ballane. Her er to linkar som fortel meir om hesjing:

Når du er ferdig kan du nyta synet og lukta av eit vel utført arbeid!

Fleire tips/gode råd

Om du aldri har hesja før, bør du spørja nokon om dei kan vise deg. Når du har hesja ferdig eit rom, skal graset liggje tett inntil staurane og – litt avhengig av kor grovt graset er og om det er 1. eller 2. slått, så skal hesja vera om lag ein halv meter breidd. Det smalnar fort i tørkeprosessen. Kort gras er vanskelegare å hesja enn langt gras. Nærmar det seg 1 meter er det heller ikkje like enkelt lenger…

Slå gjerne graset kvelden før du har tenkt å hesja og la det liggje. Då blir graset litt «slapt» og det vil lettare forma seg etter tråden. Du vil også få meir i hesja då. Rak reint under hesja når du er ferdig. Slå litt mot romma medan du rakar. Det som dett ut då, ville ha dotte ut likevel. Graset som blir liggjande under tørkar ikkje. Det kan lett bli blanda inn i tørrhøyet og sørgje for mugg i det. Av same grunn bør ein rake reint før ein tek inn høyet. Det vil alltid dette ut litt gras spesielt første dagen – meir om det bles. Det er berre å raka det saman og leggje det i hesja igjen. Ver forsiktig med å raka i det som dett på bakken medan du tek inn høyet. Er du for hardhendt, får du med ein del fersk gras og det vil du ikkje ha i høyet.

Om du ventar mykje vind, kan du strekkje endå ein tråd tett over den øvste tråden etter du har hesja. Då dett det ikkje så fort ut.

Om du har for lite gras til å fylle heile hesja er det betre å ha heile rom ledig enn å fylle mange halvt opp. Dersom høyet blir hengjande lenge grunna dårleg vêr, er det graset på den øvste tråden som er dårlegast medan resten er heilt fin.

Skulle du vera så uheldig at ein staur knekk, så let du den berre vera i og bind ein ny staur tett inntil den knekte. Dette kan skje i blant når du brukar gamle staur. Du kan bruka hesja fleire gongar i same sesong. Nokre tek ned hesja med ein gong og set ho opp att til håslåtten. Det gjer ikkje eg. Men graset veks jo heilt inntil, så du får litt ekstra arbeid med å slå for hand rundt staurane. Det nye graset må ikkje få vekse inni høyet.

Dersom vêrmeldingane er gode, planleggjar eg ofte å bruka hesja to gongar til same slått. Er eg så heldig at eg kan ta inn tørrhøy etter ei veke, har graset under hesja ikkje vakse så mykje enno. Då kan eg slå meir og leggje det i same hesja.

Nokon let hesja stå året rundt. Det trur eg ikkje er lurt. Vinden og frosten kan gjera at ho blir skeiv. Staurane vil rotna mykje fortare når dei står ute i jorda. Dersom nokon av dei knekk er det uråd å få dei ut og erstatta dei. Dessutan vil tråden verta slakkare etter kvart og siga ned.

Det går fint an å hesja i regnvêr og det aukar ikkje tørketida nødvendigvis heller. Om du hesjar i regnvêr, kan du ta gjerne ta det inn når det er opphald/sol veka etter … Hesjer som har fått ein del regn på seg, kan verte ganske gule, men det er berre dei ytste stråa. Høyet inni er vanlegvis framleis grønt og fint.

Gras som er hesja kan hengje i fleire veker. Etter 5-6 veker med mykje væte, må du kanskje kasta det som heng på den øvste tråden, men du blir gjerne positivt overraska over kvaliteten lenger nede.

Når du hesjer – og mest sannsynleg slår graset med tohjulstraktor (ljå?!) – vert du godt kjend med bakken din og det som veks der. På gamal eng kan du finne mykje spennande. Ugras som ikkje dyra et – td, høymole – er det like greitt å sortera ut før du hesjer – spesielt om det er noko som tørkar seint i tillegg. Syregras har tjukke stilkar, tørkar seint og er difor lurt å leggja på øvste tråd. Lyssiv er stivt og glatt og sklir lett ut av hesja. Eg plar hive det til sides om det er mykje av det. Er det ujamn lengde på graset er det lurt å blanda det. Kort gras dett fortare ut av hesja. Prøv å leggje det lengste graset på øvste tråd. Det vernar graset nedanfor mot regn. Eg meiner ikkje at du skal bruka mykje tid til sortering, men det er greitt å ha tanken «i bakhovudet»!

Tenk deg om kor vidt du skal la store=tunge dyr beite på slåtteenga. Nokre område blir lett opptrakka/’holete’ når det er vått og då vert det vanskeleg å slå graset fint og heilt nedåt. Det blir lett moldklumpar i graset. Stadig småeting på eit område gjer også noko med veksten av graset på lang sikt, trur eg. Sjølv let eg ikkje hestane beita fritt på slåtteenga. Dei får berre vera der under ‘kontrollerte forhold’ og beita det skånsamt ned utover hausten. Møkkadungar bør spreiast utover før vinteren.

Hå (2. slåtten) er ofte litt verre å hesja enn 1. slåtten. Graset er vanlegvis kortare. Det gjer at hesja blir tynnare(=lettare gjennomvåt) og at graset dett lettare ut når det er vind. Det er meir dogg, færre sol timar og ofte meir nedbør, slik at det tek lenger tid å få det tørt. Ikkje vent for lenge uti august med å begynna på 2. slåtten. Det plar vera om lag 6 veker mellom 1. og 2. slått. Sein første slått fører til sein andre slått…

Dersom ein brukar same hesje til både høy og hå, bør ein passe på at ikkje mellomromma mellom trådane vert for stort når ein set ho opp. Kva som då kan skje, ser ein på bileta her. Mellomrommet her var opptil 20 cm. Det er for stort til hå.
graset på bileta vart slege midt i august. Bileta er tekne på dag 8.

Ilegg på hesje-2-1024x576.jpgDet var fine vêrforhold dag 1+2 slik at graset la seg fint på strengen. Så blei veret nokså vekslande med mange byger.
På dag 5 bles det kuling etterfølgd av 2 dagar med mykje regn.

 

 

 

Ferdig hesje-1024x739.jpg

 

 

Graset som har dotte ut, vart raka saman og hesja på nytt i nokre ledige rom – etter to dagar på bakken i regnvêr….
Når graset heng slik i hesja, vil ikkje det som ligg øvst beskytte det som heng lenger nede. Regnet renn inn i hesja og du treng svært gode vêrforhold for å få det tørt.

 

 

 

 

Ilegg på hesje-576x1024.jpgFrå dag 10 blei det fint vêr med mykje sol, men diverre lite vind. Dogget låg til godt ut på ettermiddagen, men heldigvis stod mesteparten av hesjene slik at dei hadde sol til ho gjekk ned i halv ni-tida.
Vinden hadde også ført til at graset i hesja vart pressa godt saman. Det som låg tjukkast vart teke ut og lagt på ein presenning med innsida ut nokre timar sidan det var meldt regn igjen frå dag 14.
Alt vart teke inn dag 12+13.
Graset som var hesja på nytt hang no mest luftig og kunne faktisk takast inn samtidig med det andre!

Hausting av hå kan altså verte nokså arbeidskrevjande og timebetalinga dårleg, men ein kan få inn godt fôr likevel.

Det vart teke høy analyse frå både høy og hå.
Første slått vart slege 30. mai etter fine vekstforhold. Fint tørkever etterpå, slik at høyet kunne takast inn etter ei veke. Håen vart slegen av andre 11.+12. juli. Det var då svært varmt både før og etterpå. Høyet kom inn 20. juli.
Det var framleis god vekst i graset slik at ein del av bakken blei slege endå ein gong 15.august. Resultatet av det er omtala ovanfor.
Vanlegvis slår me ikkje 3 gongar!

Her er høyanalysene. Alle 3 er tekne av same delen av bakken på omlag 0,5 mål.

1. slått 2. slått 3. slått
fuktinnhald  8,8 17,2 21
tørrstoff  91,2 82,8 79
fordøyeleg energi 2,04 1,78 1,69
råprotein 113,7 150,5 153,1
vannløseleg karb.hy 157,3 98,12 83,5
sukker 126,7 31,68 27,6
stivelse 37,2 1,76 1,6
Non Fiber Carbohydrates 212,3 127,16 108,7
råfeitt 28,3 28,16 29,7
oske 94,1 87,56  87,7

 

Dette innholdet er forbeholdt registrerte brukere og medlemmer. Det er gratis å registrere seg som bruker av hjemmesiden. Registrerte brukere kan bli medlem ved å betale kontingent. Hvis du er bruker eller medlem, logg deg inn.

Innlogging for eksisterende brukere
   
New User Registration
*Påkrevede felt

for et sunt og godt hesteliv